Om oss

Stortingsmeldinga "Gode bysamfunn med små skilnader"

03.november 2023

Stortingsmeldinga 28 om «Gode bysamfunn med små skilnader» samlar politikken til regjeringa for å halde ved lag og styrkje den sosiale berekrafta i norske byar og nabolag, gjennom å leggje til rette for gode levekår, høg livskvalitet og gode oppvekst- og nærmiljø.

For å bidra til gode levekår og samfunnsdeltaking vektlegg meldinga innsats for gode oppvekstvilkår og betre helse, inkludering i utdanning og arbeidsliv, og tiltak for å styrkje deltaking og førebyggje utanforskap. For regjeringa er områdesatsingane i levekårsutsette område eit viktig tiltak for å betre bu- og nærmiljøa og tenestetilbodet i byane der dei treng det mest.

 

Stortingsmeldinga innehalde desse innsatsområder:

 

Økonomisk politikk, universelle velferdsordningar og offentlege tenester.

Byplanlegging, boligpolitikk og levande lokalsamfunn.

Levekår og samfunnsdeltaking.

Områdesatsning i levekårutsette område.

 

Dei fleste tiltaka i meldinga er allereie lansert i andre dokument eller stadfestar gjeldande politikk.

 

Les hele stortingsmeldinga på regjeringa si heimeside

Til toppen