Auka antal som jobbar innan rus og psykisk helse

12. april 2023
I kommunane har antalet årsverk innan rus og psykisk helse auka jamt sidan 2016 med ein auke på 283 årsverk frå 2021 til 2022. Totalt vart det i 2022 rapportert 17 074 årsverk. Likevel er det utfordringar med å finne nok kvalifiserte helsepersonell til fagfeltet.

I en artikkel fra Helsedirektoratet står det som følger: "Særleg gjeld dette psykologar, men og helsesjukepleiarar til dei universelle helsefremmande og førebyggande tenestene. Dette kjem fram i ein ny rapport som SINTEF har utarbeidd på oppdrag frå Helsedirektoratet."

Interkommunale samarbeid bidreg til betre oppfylging

Rapporten viser at det òg er fleire kommunar som har etablert rutinar for tverrsektorielt samarbeid for barn og unge med psykiske vanskar eller lidingar. Dette er ein positiv trend som legg til rette for at born og unge i større grad får tidleg og heilheitleg oppfylging. 

Fleire kommunar inngår i interkommunalt samarbeid om felles psykologressurs, medan andre kjøper digitale psykologtenester. 

Auka del med psykiske helseproblem og mangelfullt tilbod 

Det er få kommunar som rapporterer om nedgang i førespurnader/tilvisingar siste år, men det er mange som melder om ein stor auke blant både born med psykiske helseproblem (38 prosent) og for vaksne med psykiske helseproblem (37 prosent). Like mange rapporterer om ein liten auke. 

Lenke til artikkel