Fastlegelister og fastlegekonsultasjoner

Fastlegelister og fastlegekonsultasjoner - tabell 12005 ssb

Beskrivelse fra SSB om statistikken for Fastlegar

I statistikkbanktabellar som gjeld fastlegar er eininga personer som har avtale med kommunar om å praktisera som fastlege, ikkje talet på avtalar som er inngått eller årsverk. Kvar fastlege er berre talt ein gong. I dei tilfella fastlegen har avtale med fleire kommunar, er ein av kommunane valt som hovudpraksiskommune. Den kommunen kor fastlegen har lengst pasientliste er valt som hovudpraksiskommune. Om fastlegen har like lang liste i fleire kommunar, er den kommunen kor avtalen strekkjer seg lengst fram i tid valt som hovudpraksiskommune. Data frå fastlegeregisteret inngår óg i datagrunnlaget for KOSTRA. Her er det fastlegeavtalar som er statistisk eining. Pasientlistestatus: Variabelen er berekna som forholdet mellom fastlegens listekapasitet (fastsett i avtale med praksiskommunen) og talet på innbyggjarar (pasientar) på lista. Ei liste reknast som open (ledige plassar) om listekapasiteten ligg meir enn 20 over det faktiske talet på innbyggjarar på lista, medan den reknast som lukka (ingen ledige plassar) om det er færre enn 20 ledige plassar på lista.

Referansetid alle indikatorer: 31.12 årlig

Datakilde fastlegestatistikken:

  • Fastlegeregisteret frå Helsedirektoratet er datakjelde for statistikk om fastlegar og listelengde.

For statistikk om befolkningas bruk av fastlege, sjå statistikk for fastlegetenesta på http://www.ssb.no/helse/statistikker/fastlegetj .

Kilde: ssb om statistikken