Nullvisjon 2019–2027 – reduksjon av alvorlege fallulykker i heimen

22. mai 2019
Nullvisjon 2019–2027 – reduksjon av alvorlege fallulykker i heimen er inkludert i Meld. St. 19 (2018–2019) Folkehelsemeldinga — Gode liv i eit trygt samfunn

Regjeringa vil utvikle ein tverrsektoriell handlingsplan for ein nullvisjon for alvorlege fallulykker i heimen. Handlingsplanen skal mellom anna omfatte hjelpemiddel og velferdsteknologi, førebyggjande heimebesøk, fysisk aktivitet og balansetrening, ernæringstiltak, gjennomgang av legemiddelbruk og oppfølging etter fall. Han kan òg omfatte bustadtilpassing og -rådgiving.