Saman mot einsemd-Strategi for å forebyggje einsemd (2019 - 2023)

22. mai 2019
Strategi for å forebyggje einsemd (2019-2023)  er inkludert i  Meld. St. 19 (2018–2019) Folkehelsemeldinga — Gode liv i eit trygt samfunn

Regjeringa vil med denne strategien løfte fram arbeidet mot einsemd for å gi befolkninga betre helse og livskvalitet. Det inngår i folkehelsemåla at befolkninga skal oppleve fleire år med god helse og livskvalitet. Sosial støtte fremjar helse og livskvalitet. Mangel på sosial støtte og sosiale relasjonar kan føre til einsemd, og det har vist seg å vere ein risikofaktor for auka vanhelse (sjukelegheit) og dødstal (dødelegheit).

 

Dei tre hovudmåla i strategien

Regjeringa sin strategi mot einsemd har desse tre hovudmåla med tilhøyrande satsingsområde:

1. Synleggjere einsemd som folkehelseutfordring og stimulere til auka sosial deltaking

2. Få meir kunnskap om einsemd og effektive tiltak

3. Arbeide systematisk for å førebyggje einsemd og auke den sosiale støtta

Strategien omtaler òg vidareføring av gjeldande tilskotsordningar som har noko å seie for arbeidet mot einsemd og auka sosial deltaking.

 

Lenke til strategi for å forebyggje einsemd (2019-2023)